Nåkk ein gong hamna oss i den so kalla dødensgruppe.
Denne gangen mot lag som: Bønes Aires, Sleivspark,
Sossvoll og Team Rokko
Første kamp:
Hynung IL - Team Rokko 0-3
Ikkje så masse å skrive om denne kampen.
Irriterandes å tape mot dette laget kvar gang. Oss spelar rævafotball,
og ingenting fungerer. Det er tydleg at helgas Hynunglag ikkje er
samspelt i det heile tatt. Einaste positive er at det kan ikkje bli
verre.
Andre kamp:
Hynung IL - Sleivspark 2-5
Til denne kampen hadde oss kun 5 spelarar, Stian måtte
droppe denne kampen.
Hynung tok tidleg leiinga i denne kampen ved storscoraren, Martin
Brandtun. Den bevarte oss til det var ca halvspelt kamp. Då
vart Welat skada og dermed måtte oss spele med ein halv mann
mindre. Dette utnytta Slevispark til det fulle og klarte å banke
inn 3 mål på kort tid. Joakim Mellingen klarte å
skape eitt minutts spenning. Men det varte med det minuttet. Sleivspark
punkterte kampen med si 4-2og 5-2 scoring. Eit bittert tap.
Joakim Mellingen og Welat Westreheim var nye til denne turneringa.
Tredje kamp:
Hynung IL - Bønes Aires 1-1
Eit lag som er det beste laget i Løkkecup Bergen.
Men som i denne turneringa ikkje var heilt på topp. Likavel
stilte dei med eit godt lag.
Dette var ein veldig jamn kamp der begge lag hadde store sjansar til
å avgjere, men ingen av laga klarte å putte det avgjerande
målet og kampen enda difor uavgjort.
Bønes tok veldig heldig leiinga med eit skot som skifta totalt
retning etter å ha trøffe ein medspelar. Men Hynung kom
tilbake. Mellingen og Brandtun kombinerte fint på eine sida
før ballen hamna oss Stein-Erik som satt ballen enkelt i mål.
Ein sterk prestasjon av Hynung, som kun hadde 5 spelarar til denne
kampen iom Welat vart skada.
Hynung IL - Sossvoll 3-4
Siste kamp i gruppespelet. Begge lag var ute og hadde ingen verdens
ting å spele for. Det var likavel ein underhaldanes kamp for
det om. Sossvoll var best i første del av kampen og leiia 3-0
før Hynung og spesielt Mellingen våkna til liv. Mellingen
var suveren denne kampen og viste høg klasse. Blant anna då
han vippa ballen over motstanderen, tok igjen ballen på andre
sida og dundra ballen i mål. Meget lekkert. Mellingen scora
alle våra tre mål denne kampen, men det holdt dessverre
ikkje. Sossvoll fekk den tvilsomme æra med å score kampens
siste mål, og satte punktum for den dårlegaste poengfangsten
for Hynung i ei løkkecup turnering.
Tabellen:
Bønes Aires - 10poeng
Sleivspark - 9 poeng
Hynung laget
Fredrik - Stein-Erik Alvestad, Joakim Mellingen, Welat Westreheim,
Stian Rosberg og Martin Brandtun