Hovudsida

Spelarstall
Spelarstatistikk
Terminliste
Historie
Statistikk
Merittar
Bilete
Videoar

Linkar
Gjestebok

Løkkecup 12.12-08

Vårt første møte med Bønes racketsenter enda dårleg. 2 tap og 2 uavgjort og nok ein exit i gruppespelet.
Oss hadde med 2 nye spelarar til denne turneringa. Bjørnar Nupen og Joakim Sørå. Begge spelar for innandørslaget, Barlia FK, frå Stranda.

Første kamp:
Bønes Aires - Hynung IL 4-1
Eit lag som har vunnet 1 gang i år, og er alltid med lenge i desse cupane. Oss starta dårleg, og var dårleg i press. Dei sprang meir og var bedre enn oss. Tapte fortjent 4-1. Einaste trøsta i kampen var at oss klarte å få eit mål etter 3 målause kampar. Leigesoldat, Joakim Sørå, fekk æra av å score det første målet i den nye Hynung drakta. Alf med målgivande.

Andre kamp:
Palermo - Hynung IL 2-2
Dei tok leiinga 1-0 etter markeingssvikt hos oss, men oss røyste oss mesterleg og kom tilbake å utlikna først med Alf før John satt inn 2-1. Men i aller siste sekund scora Palermo 2-2 målet etter nåkk ein markeringssvikt. Bra oss klarte å snu kampen. Alf Kåre var servitør denne kampen.

Tredje kamp:
Hvite Stjerne - Hynung IL 5-0
Hvite Stjerne var revansjesugne etter tapet for oss i studentcupen. Å revansjen fekk dei, til gangs! Ein fantastisk dårleg kamp av oss! Total mangel på alt, innkludert dommer. Robin havna også i historiebøkene denne kampen. Han fekk det første kortet. Raudt. I følge dommer sparka Robin ned ein hvite stjerne spelar, direkte raudt kort. Seinare i kampen viste dommaren total mangel på kampstyring, sjølvtillit og ikkje minst fotballfortsåelse. John Martin klarte også å få gult kort. Ein kamp oss bør gløyme.

Fjerde kamp:
Snake&Combat - Hynung IL 2-2
Før siste kamp var oss ute, men kva er vel bedre enn å avslutte med å ikkje tape. Dette var eit lag oss burde slått, men ein dommar kan ødlegge mykje. Hadde forøvrig samme dommaren heile kvelden. Fredrik fekk tidleg gult kort for å lage straffe og måtte ut. Joakim stilte sporty opp og gjekk i målet. Han syka ut spelaren som straffa slik han bomma. Resten av kampen gjorde Joakim ein god figur i målet.
Snake&Combat tok leiinga 1-0, før Bjørnar utlikna. Dei scora igjen, men John Martin utlikna slik at kampen enda 2-2. Heldigvis vart det ikkje tap. Men no er det altfor lenge sia oss har vunnet. Det er på tide igjen snart.

Hynung laget
Fredrik - Alf Kåre, Frank, Robin, Bjørnar, John Martin og Joakim.

 

Etter ei lita intervju runde med nokre av Hynung spelarane etter cupen er alle einige i
at dette var Hynung på sitt verste. Spesielt dei 2 kampane oss tapte. Veldig veldig lite stemte for oss. No er det heldigvis lenge til neste cup, og før det skal det trenast og terpast.

Hynung kjem sterkare tilbake.

© 2009 Hynung IL
Ansvarleg for sida: Fredrik Løken