Oss havna i gruppe med Krohnsminde, United City FC,
Knuusedabbeteam og Flaktveit Futsal. Krohnsminde møtte ikkje
og det vart dermed eit lag mindre å slå.
Første kamp:
Hynung IL - Flaktveit Futsal 11-1
For oss eit totalt ukjent lag. Men det skulle raskt
vise seg at oss ha ingenting å frykte. Tidenes raskaste Hynungmål
vart scora etter berre 15 sek. Usikker på målscorar, men
trur det var Martin Brandtun. 2-0 kom like etterpå. Etter det
rann måla inn.
Oss stoppa til slutt på 11-1. Martin Brandtun scora 7 mål,
og hadde 2-3 assist. Forøvering rekord med mest mål i
ein kamp, og i ein debut for Hynung! Adrian Håbet scora dei
4 siste og hadde i tillegg 5 assist.
Andre kamp:
Hynung IL - Knuusedabbeteam 6-1
Etter rykta eit tidlegare storlag. Det var ein tøff
kamp, men igjen så vart oss opp med festfotball. Effektivt rett
fram. Eit par av måla vart scora på nydleg klikk-klakk
vis! Med denne seieren var oss klar for sluttspelet! Meget sterk seier.
Nok ein debutant tegna seg på scoringslista, Kristoffer O. Giske
scora hat-trick i sin debut. Martin scora også 3.
Tredje kamp:
Hynung IL - United City FC 1-2
Eit lag oss har hatt for vane å møte etterkvart.
Begge laga var klare for sluttspelet, og det bar kampen preg av. Ein
kjedlig kamp der United City FC vann tilslutt. Vinnarmålet skulle
vore avblåst for frispark, soleklart frispark. Men kva kan ein
forvente av ein dommar som angripar ein spelar som er mange år
yngre enn han sjølv.
Martin scora vårt einaste mål
Tabellen:
United City FC - 9 poeng - 8-3
Hynung IL - 6poeng - 18-4
Hynung laget
Fredrik - Alf-Kåre Longva, Adrian Håbet, Bjørnar
Nupen, Kristoffer O. Giske og Martin Brandtun
1/8delsfinale:
Hynung IL vs FFC 5-0
Dette var den desidert beste kampen våra i turneringa.
Overgangane satt som smurt. FFC hadde kun 3 avslutningar på
mål, og det var ikkje fordi dei var dårleg. Alt var slik
det skulle. Det gjekk kjapt, og fort framover. FFC hadde aldri ein
nubbesjanse! Adrian og Martin hadde virkeleg funne tonen på
topp og dei scora likegodt alle måla. Adrian 3 og Martin 2.