Gruppe: Turboknottane, FC Catalunya og Krohnsminde
Første kamp:
Hynung IL - Turboknottane 2-1
Eit lag oss har spelt mot ein gong tidlegare og vunnet.
Dei har komt til kvartfinale og semifinale titt og ofte. Dermed var
det duket for ein tøff første kamp.
Denne turneringa starta mykje betre enn forrige. Laget fungerte betre
i lag og det skapte gode resultat.
Kristoffer O. Giske sendte oss i føringa. Når oss først
tek ledelsen er det sjeldan vi taper. Denne kampen var intet unntak.
Martin Brandtun, storscoraren, la på til 2-0 og det meste såg
ut til å vere avgjort. Men på slutten klarte TK å
redusere å skapte litt spenning. Men heldigvis vart det kun
med den eine scoringa. Sluttspel i sikte!
Andre kamp:
Hynung IL - FC Catalunya 1-1
Når oss spelar mot Catalunya er det alltid jamt.
1-1-1 på 3 kampar er fasiten. Oss var det beste laget og hadde
dei største sjansane, men kampen enda likavel 1-1. Martin scora.
Med dette resultatet var sluttspelplassen klar
Tredje kamp:
Hynung IL - Krohnsminde 3-1
Første kampen vår mot dette tradisjonsrike
indoorlaget. Den enda heldigvis med seier. Ein god seier. Kombinasjona
og samspelet var av godt slag til tider. Krohnsminde hadde aldri sjanse.
Morten Solberg noterte seg for sine to første mål i Hynungdrakta.
Det siste målet var det sjølvsagt Martin som scora. Godt
jobba! Puljeseier
Tabellen:
Hynung IL - 7 poeng 7-3
FC Catalunya - 7 poeng 6-3
Krohnsminde - 3 poeng
Hynung laget
Fredrik - Kristoffer O. Giske, Morten Solberg, Ove Otterlei, Ole Knutsen
og Martin Brandtun