Hovudsida

Spelarstall
Spelarstatistikk
Terminliste
Historie
Statistikk
Merittar
Bilete
Videoar

Linkar
Facebook
Gjestebok

Bergen Indoor 14.11 - 10

Første turnering for årets sesong. Vi hamna i ein knalltøff gruppe med Boca Juniors Bergen, Sleivspark Bergen, Krabbetor og Theory bang. Sleivspark møtte ikkje opp (vart skremt?? :P ), so det vart kun 3 kampar i gruppespelet

Første kamp:
Hynung IL - Boca Juniors Bergen 1-2
Eit meget sterkt lag på papiret, men var i denne turneringa litt svekka bakover, utan at det viste altfor godt.
Dei tek kommandoen frå start og pressar oss bakover. Dei har eit par tre fire sjansar før dei tilslutt tek føringa. Etter målet klarar vi å få til litt spel, og får uttelling. Steffen Elde Oksnes, som forøvrig debuterte, sett inn utlikningsmålet. Herfrå og ut er det veldig jamt, men på tampen rotar vi det til for oss sjølv. Eit svakt tilbakespel blir snappa opp, og omsatt i scoring. Dermed vinn Boca 2-1 i ein kamp vi fort kunne ha vunnet med litt meir kynisme.

Andre kamp:
Hynung IL - Krabbetor 1-1
Krabbetor er eit lag vi normalt skal slå. Vi var betre enn dei, men det tok ei stund før første målet kom. 8-9minutt var spelt då Steffen putta sitt andre for dagen. Fram til dette hadde Krabbetor hatt ein sjanse, mens oss hadde eit eit par fire. Vi spelar godt bakover, og tettar bra igjen, men 2 minutt før slutt blir det sendt av gårde eit skot frå Krabbetor frå vel 20meter. Ballen endrar retning nokre gongar på vei mot mål, og endar i mål bak ein utspelt Fredrik. 1-1, ufortjent og veldig irriterandes.

Tredje kamp:
Hynung IL - The Theory Bang 10-0
Utgangspunkt før siste kamp: Vinn med meir enn 6 mål og håp Boca sler Krabbetor.
Det tek litt tid før maskineriet kjem i gong, men når oss først har komt i gong, så var det mykje fin futsal å sjå på vår bane. Synd vi ikkje klarte å spele sånn mot Krabbetor. Mykje kan skrivast om kampen, men enklaste er å oppsummerer. Adrian Håbet var i storslag og scora 3 mål. Martin Brandtun kom og i gang tilslutt og fekk 2 mål. Steffen putta 2, mens Alf Kåre Longva, Bjørnar Nupen og Ove Otterlei scora eitt kvar.
Krabbetor slo Boca, og vi var ute.

Tabellen:
Krabbetor 11-2 9poeng
Boca Juniors 10-7 6poeng
Hynung IL 12-3 4 poeng

Hynung laget
Fredrik - Alf Kåre Longva, Bjørnar Nupen, Kristoffer Odden Giske, Ove Otterlei - Adrian Håbet, Martin Brandtun og Steffen Elde Oksnes

 

Oppsummering
Ufattleg irriterandes igrunn! Veldig! Men sånn er livet. Nokon gongar gjeng det opp, mens andre gongar gjeng det ned. Vi ser at toppnivået våra er stort, men botnnivået er fortsatt litt for lavt. Ein ting er eg vertfall sikker på. Vi kjem fryktleg tilbake!

Positive ting er alltid lurt å fokusere på. Det var kjekt å kome i gong igjen, og til neste turnering set spelet mykje betre enn i dei to første kampane denne turneringa- For i den siste kampen var vi god. Veldig god, vertfall offansivt.
Defansivt så er vi der oss brukar. Litt små rusk er det nok, men det var små ting som forsvinn neste gong.
Vi slepp motstandarane til totalt 5 målsjansar siste 2 kampane, og det er bra!

Så til neste turnering, om under to veker, så skal oss virkeleg slå frå oss!

© 2010 Hynung IL
Ansvarleg for sida: Fredrik Løken