Hovudsida

Spelarstall
Spelarstatistikk
Terminliste
Historie
Statistikk
Merittar
Bilete
Videoar

Linkar
Gjestebok

Løkkecup 15.11 - 09

Oss havna i ei knallhard gruppe i lag med United City FC, Hajduk Bergen, 5071 og FC Catalunya. Av ein eller anna grunn møtte ikkje 5071 opp, så og mogleg vart det litt lettare, men kun 2 lag gjekk vidare.

Første kamp:
Hynung IL - United City FC 3-2
United City FC har spelt over 200 kampar på Bønes, Vore i 12 semifinalar, 6 finalar og vunne 2 gongar. Med andre ord, eit rutinert og godt lag.
Oss tapte 4-1 mot dei i 1/8 delsfinalen sist løkkecup og hadde mykje å revansjere. Det starta bra og. Debutant Sigve Rørstad, frå Ørskog, starta likegreit første kamp med å score sitt første mål i den svarte drakta. Så like etter var igjen Sigve på ferde. Sler ballen forbi ein UCFC spelar, men i det han spring forbi spelaren blir han meid ned. Soleklart raudt kort til UCFC spelaren. Hynung spelar 3min mot ein mann mindre, men klarer ikkje å få mål. Like etter UCFC blir fulltallige igjen puttar dei 2 kjappe og er plutsleg det førande laget. Heldigvis klarer oss å komme tilbake heilt på tampen. Adrian og Sindre puttar kvar sine mål og sørger for at Hynung kan innkassere 3 viktige poeng.

Andre kamp:
Hynung IL - Hajduk Bergen 2-1
Hajduk Bergen var eit av dei beste innandørslaga i Norge ei stund. I Bønes racketsenter har det blitt 6gull 4 sølv. 135 kampar, 112 - 6 - 17. Ikkje mindre enn smått imponerande.
Oss har møtt dette laget ein gong før. Det var på Sunnycup. Då endte det med eit 2-0 tap.
Hajduk var veldig offansiv i spelestilen, og gav motstandaren sjeldan moglegheit til å slappe av. Ikkje det at oss heller gjorde det. Denne kampen var kanskje den beste kampen av Hynung i år. Det var enorm kjemping og alle spelte stort! Hajduk var det førande laget, men klarte aldri å skape hodebry for Fredrik. Framover var oss livsfarleg på kontra. Stor fart på ball og bein i angrep gjorde at Hadjuk sleit med å holge følge "heim". Det var også slik oss tok leiinga og seinare økte. Første målet kom ved at Frank sendte i vei eit hardt skot frå skrått hold. For å vere heilt sikker på at ballen gjekk i mål dukka Arild opp på bakre og pirka ballen i mål,1-0. 2-0 vart scora av Adrian på ei god kontring. Etter 2-0 målet var det berre å lime igjen bake og vente på at tia skulle renne ut. Hajduk fekk eit trøstemål på tampen så stillinga vart 2-1. Fantastisk sterkt av guttavåre! No var oss klar for sluttspelet!

Tredje kamp:
Hynung IL - Catalunya 1-1
FC Catalunya er enda eit sterkt lag som slo oss 3-1 i forrige løkkecup.
Denne kampen var lite sjåar vennlig. Ein kjedlig kamp med to lag som hadde lite å spele for. Catalunya var ute, mens oss var vidare. Catalunya tok leiinga, smått ufortjent. Heldigvis kom oss tilbake. Eit flott angrep. Starta med at Sigve og Fredrik trilla ball seg i mellom, før Sindre får ballen. Han lemper ballen inn til Adrian som banker ballen i mål på volley. Nydleg mål. Kampen ender med det 1-1.

Tabellen:
Hynung IL - 7poeng - 6-4
Hajduk Bergen- 6poeng - 5-4

Hynung laget
Fredrik - Frank S. Opstad, Ove Otterlei, Arild Vågnes, Adrian Vågnes, Sindre Dalhaug og Sigve Rørstad

 

1/8delsfinale:
Hynung IL vs Datarock 2-1
Datarock er for oss eit totalt ukjent lag. Men dei var brukbar, og gav oss kamp. Tok ledelsen i kampen gjorde dei og. Heldigvis klarte oss å utlikne til 1-1. Frank har ballen ved eige målfelt for så å starte på ein liten tur oppover på bana. Han går først forbi ein spelar, så to. Når han like etter runder tredje mann og gir uegoistisk frå seg ballen så stend Sindre, på nær blank goll, klar og banker ballen i mål. 1-1.
Mot slutten skjedde det masse. Først vart Fredrik avblåst for tilbakespel. På det påfølgande frisparket er Fredrik litt for ivrig og får gult kort for å vere for kjapt ut av mur. Ove tek på seg hanskane i 2min og held buret reint. 2 min før slutt så fell avgjerelsen. Adrian scorar i sin fjerde kamp på rad og sender samtidleg Hynung vidare til kvartfinalen.
Rett etter målet finn datarock på å vere usportsleg. Eine spelaren deira meier ned Arild bakfrå, og blir belønna med eit illraudt kort.

Kvartfinale:
Hynung IL - Boca Juniors Bergen 1-5
Virkeleg eit stor lag i indoor samanheng. 5 gull og 5 sølv. Når oss i tillegg nemnar at dei kun var uheldig som ikkje spelte kvalifisering til eliteserien i futsal, så forstend alle at dette er eit godt lag.
Dei hadde ikkje det beste laget i helga, men ein mann var stor i kampen mot oss. K.Petterson.
Kampen enda 5-1, men bak resultatet så skjuler det seg ein tett kamp. Boca scora kampens første mål. Ein av våra eigne blir finta ut av ein tunnel før ballen smell i stanga og inn. Balanse i rekneskapet blir det ikkje lenge etter. Adrian er heit på grauten i dag og scorer like grett sitt femte for dagen. Det er virkeleg kamp igjen! Begge lag har sine sjansar, og det er jamt. Mot slutten ser det ut som kreftne tek smått slutt blant Hynungboysa. Slappe markeringar førar til at Boca får 2 mål med kun 2 minutt igjen å spele. Dei siste 2 minutta av kampen får Boca to julegåver med dommaren. 2 mål til som skulle vore avblåst like før ballen havna i mål. Det spelte inga rolle for kampen, men litt surt å ikkje få kjøre ein sluttspurt. Sumasummarum (vanskeleg ord) vann Boca fortjent denne kampen.
Dei vann og heile turneringa!

Oppsummering
Denne turneringa viser at Hynung har mykje å fare med. Det er eit sterkt lag som er med og fortsatt vil vere med å prege turneringane i Bønes racketsenter.
Lag som Hajduk, Sossvoll, United City FC er lag som har stor respekt på Bønes, men har fått smake på Hynung sin vrede.

Sjølv om oss har gjort ein god cup så har eg på følinga av at oss har mykje meir å gå på. Hajduk kampen var utruleg sterk, men resten av kampane var igrunn litt under pari. Med trening og meir samspel så trur eg at Hynung vil bli eit frykta lag i indoor Bergen samanheng.

© 2009 Hynung IL
Ansvarleg for sida: Fredrik Løken