Hovudsida

Spelarstall
Spelarstatistikk
Terminliste
Historie
Statistikk
Merittar
Bilete
Videoar

Linkar
Facebook
Gjestebok

Bergen Indoor 28.11 - 10

Andre turnering for årets sesong. Vi hamna nok ein gong i ei knalltøff gruppe. Denne gong med Krabbetor, Krohnsminde, NBK Futsal og Ludo. Krabbetor vart for redd til å møte oss, så dei stilte ikkje opp, 3 lette poeng!

Første kamp:
Hynung IL - NBK Futsal 3-2
Dette laget har imponert i år. Kom langt i futsalcupen på Askøy, og sist helg vann 4 av 5 kampar i 1.divisjon. Gode dei var dei og. Men oss var bedre denne kampen. Vi har flest sjansar, mens dei har mest ballen. Vi vinn til slutt 3-2 etter å ha leda kampen i gjennom. Våre debutantar tek ansvar og scora eitt kvar, Kim Vangen, Kristoffer Grønmyr og Marcus Liavaag.

Andre kamp:
Hynung IL - Krohnsminde 2-2
Krohnsminde stilte kun 5 mann til denne turneringa, men gav oss knallhard kamp. Dei tok leiinga på 1-0, og burde gått opp til 2-0, men slik vart det ikkje, Vi takka og bukka for det og kampen enda uavgjort, 2-2. Dette var ein fysisk tøff kamp, der begge lag kjempe hardt heile vegen, så uavgjort her var heilt greit. Marcus viser klasse og scorar 2 mål, mens Krohnsmindes spelar, , scorar helgas vakraste mål på brassespark frå 6 meter klint i vinkeln.

Tredje kamp:
Hynung IL - Ludo 5-1
Uavgjort eller seier i siste kamp og oss er vidare.
Ludo stille veldig svekka frå forrige turnering, og gir oss aldri motstand. 5-1, og sluttspelete er i boks!
Får spelet til å sete bra mot slutten av denne kampen. Ser lysandes ut før 8-delsfinalen. Kim 2, Kristoffer 1, Marcus 1 og Martin 1

Tabellen:
Hynung 10-5 7p
NBK Futsal 6-4 6p

Hynung laget
Fredrik - Alf Kåre Longva, Bjørnar Nupen, Kim Vangen- Kristoffer Grønmyr , Martin Brandtun og Marcus Liavaag

 

8-delsfinale:
Hynung IL - Hurricane 2-2 (1-2str)
Eit lag vi aldri har hørt om. Eit lag vi normalt sler, men ikkje idag. Spelet blir krampeaktig, fær lite til å stemme, samtidleg som keepern deira blir skutt på uttallige gongar. Men dei kjempa hardt, tek leiinga 1-0, gir oss aldri tid til å stoppe å puste. Marcus ordnar 1-1 før Martin scorar i sin avskjedkamp for året, 2-1 til oss. 20 sekund får dei frispark(det av den super billige typen). Oss sviktar heilt i markeringane og vips 2-2, ekstra omganga der ingenting skjer.
Neste då er straffekonk. 1-1 etter ei straffe kvar. Dessverre scorar dei på si andre, mens oss bommar.
Alf Kåre vart skada i kampen mot Krohnsminde, og spelte ikkje denne kampen. Mot slutten var det merkbart at han ikkje spelte. Kunne trengt hans rutine i forsvar då.

Oppsummering
Enda ein gong er det altfor irriterande å gå ut. Eg har ikkje så altfor høge tankar om oss, men er ein ganske så realistisk person. For ufortjent var det. Stoppar likavel der.

For dette var og ei turnering der vi viser styrke og vinn ei knalltøff gruppe. Berre sterke lag, og gode induvialistar. Gutta gjorde ein god jobb og tok oss vidare her. Synd at vi aldri fekk spelet til å sete 100%. Då kunne vi tatt oss vidare til kvarten, men er kanskje litt for mykje forlangt når vi stiller så ulikt frå gong til gong. Forsvaret set stort sett kvar kamp.
Alf Kåre og Bjørnar har vist klasse i forsvaret og gitt motstandarane våra få sjansar. Kanskje klarar vi å holde på nokre spelarar, og får betre samspel etterkvart

Dette var siste turneringa til Martin før han no dreg over dammen til USA for å studere eit halv år. Han avslutta med mål i siste kamp, og blir ståande med 36 mål på 32 kampar fram til neste haust.

Neste turnering er 12. desember. Usikkert om vi stiller enda, men mest truleg gjer oss det.

C'ya
-Fredrik-

© 2010 Hynung IL
Ansvarleg for sida: Fredrik Løken