Hovudsida

Spelarstall
Spelarstatistikk
Terminliste
Historie
Statistikk
Merittar
Bilete
Videoar

Linkar
Gjestebok

Futsalcup 21.03-09

Futsalturnering på Askøy i regi av Krohnsminde futsal

Første kamp:
Boca Juniors - Hynung IL 3-0
Boca var soleklare favorittar, men oss klarte å gi dei kamp første 11 minutta. Riktignok tok dei leiinga 1-0 etter 3.min. Men oss hadde fleire sjansar til å putte. Til slutt var det likavel Boca som vann fortjent 3-0 etter at det glapp litt i markeingane på slutten då oss jaga utlikning.

Andre kamp:
Rock Bottom - Hynung IL 0-1
Etter tap i første kamp var laget gira på siger. Oss tetta igjen bakover og spelte kompakt og smart. Men vinnarmålet kom ikkje før det var spelt 10 min. Hærleg kjempeseier av laget! God kamp

Tredje kamp:
Best utan Press - Hynung IL 5-2
I siste kampen spelte oss mot Best utan Press. Ein kamp oss måtte vinne for å gå vidare. Dei hadde tapt sine to første kampar og spelte utan press, dårleg utgangspunkt for oss.
Det er igrunn ikkje så mykje å skrive om denne kampen, for den var dårleg av oss. Fredrik spelte sin svakaste kamp på lenge og det resulterte i ein del enkle baklengs. Framover klarte Frank å putte 2 mål. Alf hadde eine assisten (huskakje den andre). Men Best utan Press vann til slutt 5-2! Små flaut.

Hynung laget
Fredrik - Alf Kåre, Frank, Andrè, John Martin og Lars Bjørnar

 

Ein god start på turneringa, og ein elendig siste kamp er fasit etter vår første deltaking i futsalcup. Forøvrig eit kjempe intiativ av Krohnsminde futsal.

For vår del er nok sesongen over. No blir det ei lita pause før oss startar opp jen knallhardt til hausten med muligens fleire spelarar på laget. Ei oppsummering av årets innandørs sesong er rett rundt hjørnet!

© 2009 Hynung IL
Ansvarleg for sida: Fredrik Løken