Dette var den andre turneringa til Hynung IL avd. Bergen. Oss meldte
oss på KRIK cup i vestlandshallen. Underlaget var kunstgras
og banene var ca 45 x 30meter. Ein god del større enn vanleg
innandørsbaner. Pulja vår besto av 4 lag. Oss visste
berre sån delvis kven det eine laget var og oss var spent på
kva motstand som møtte oss. Det starta greit, men dessverre
så spelte oss den andre kampen godt under pari og hadde mykje
å gå på. Både taktisk og ferdigheitsmessig.
Oss gjekk ut tilslutt på minst mogleg margin.
Laurdag 15.november:
Gruppespel:
8 puljar, 4 lag og dei 2 beste vidare.
Hynung IL - Crazy Legs 3-0
Den første kampen starta veldig nervøst
og det skjedde ingenting dei første 5 minutta. Det opna seg
litt opp etterkvart, men det var ikkje noko spel å skryte av.
Dette var eit lag som var dårlegare enn oss, og heldigvis fekk
oss det viktige første målet. John Martin scora det første.
Vår prøvespelar Nermin Bucuk scora det andre, mens John
Martin scora det siste. Grei 3-0 seier.
Hynung IL - åndseliten 0-1
Dette vart ein veldig jamn kamp og dårleg kamp.
Oss klarte ikkje skape noko som helst framover. Dei var solide bakover,
mens oss var fantasilaus. Dei kom i overtal på ei kontring og
fekk 1-0 målet som avgjorde kampen. Ikkje så mykje meir
å skrive om den kampen.
Hynung IL - FK Kinsek 1-1
Før siste kamp måtte oss vinne
kampen for å gå vidare. FK Kinsek hadde også tapt
1-0 mot åndseliten, men dei vann 5-0 over Crazy legs. Det starta
dårleg. Dei var best i opningsminutta og tok fortjent leiinga
1-0. Oss viste styrke og kom tilbake. Vi var enige om å vere
aggresive i presset og dette lønna seg. Oss tok over kampen
og fekk reduseringa som oss fortjente. Frank med eit flott langskudd
heilt nede i hjørnet. 1-1. Oss fortsatte å pressa på
og hadde fleire store sjansar til å putte fleir, men klarte
det ikkje. Dei bomma også på 2 store sjansar.
Heilt på tampen fekk oss straffe. Men utruleg nok måtte
oss ta den 10 meter frå mål. I reglane sto det klart at
den skal takast 7 meter frå mål. Dommeren nekta å
flytte den og oss måtte ta straffa. Alf var uheldig og satt
den i innsida av stolpa og ut. Dermed enda kampen 1-1 og oss rauk
ut, mens FK Kinsek gjekk vidare.
Hynung laget:
Fredrik - Alf, Frank, Robin - John Martin, Nermin og Ole Petter