Hovudsida

Spelarstall
Spelarstatistikk
Terminliste
Historie
Statistikk
Merittar
Bilete
Videoar

Linkar
Gjestebok

Nattcup 09.10 - 09

Den andre turneringa i sesongen. Nattcup i Nordneshallen, arrangert av 2.økonomi på HIB. Oss stilte med eit av dei beste laga oss har stilt så langt, og vist oss fortsett i denne stimen er oss straks klar for å kjempe i toppen mot dei andre store futsallaga i Bergen. Ei veldig godt turnering av oss!

Første kamp:
Hynung IL - Geeks of Norway 3-1
Første kamp i gruppespelet var mot Geeks of Norway. Oss hadde ingen peiling på kven nokon av laga var så oss visste ikkje kva oss kunne forvente. GoN tok leiinga etter kun 1 og eit halvt minutt. Hynung har alltid slete med å komme tilbake etter å ha komt under 1-0. Men laget viste styrke og vann tilslutt kampen. Sindre O. Dalhaug scora vårt og hans første. Alf ordna 2-1, mens Arild fastsatte sluttresultatet til 3-1.

Andre kamp:
Hynung IL - Lokomotiv Nordnes 1-0
Dette var kanskje den dårlegaste kampen i denne turneringa. Oss var solid bakover, men klarte ikkje å produsere all verda framover. Alf vart matchvinner, og oss tok 3 viktige poeng i ein ikkje altfor god kamp.

Tredje kamp:
Hynung IL - Funksjonen 5-1
I siste gruppespelkamp trengte oss dårlegast uavgjort for å gå vidare. Funksjonen på si side måtte vinne. Dei gjekk ekstremt hardt ut og putta 1-0 før minuttet var godt. Igjen viste laget styrke, og kom tilbake! Dette var ein meget god kamp. Kontringane våra var effektiv og oss klarte å halde trykket oppe. Enda ein debutant scora sitt første mål for Hynung, Thomas Steinshamn. I tillegg scora Frank og Arild kvart sitt mål, mens Sindre scora 2 mål. Hynung var no klar for kvartfinale som gruppevinnar.
Dette er forøvrig 2 turneringa på rad oss er gruppevinnarar. Sterkt!

Tabellen:
Hynung IL - 9poeng - 9-2
Lokomotiv Nordnes - 3poeng
Geeks of Norway - 3 poeng
Funksjonen - 3 poeng

Hynung laget
Fredrik - Alf Kåre, Bjørnar O. Fjørtoft, Arild Vågnes, Frank S. Opstad, Thomas Steinshamn og Sindre O. Dalhaug

 

Kvartfinale:
Hynung IL vs Team Skauen 7-0
Eit lag beståande av spelarar frå BI Bergen. Dei hadde komt på 3.plass i si gruppe.
Laget var aldri nokon trussel for oss. Oss overkjørte dei og hadde fantastiske kontringar som satt. Til slutt hadde oss banka dei heile 7-0! Alf og Bjørnar scora 2 kvar. Frank, Sindre og Thomas scora kvart sitt.

Semifinale
Hynung IL vs Fudpuckers 1-1 (1-0 på straffe)
Fudpuckers hadde imponert tidlegare med ein hardt arbeidande spelestil, og oss viste at det ville bli ein hard kamp. Dessverre sat ikkje overgangane like godt som i dei 2 foregåande kampane. Men oss starta likevel kampen på best mogleg vis. Thomas scora kampens første mål. Eit skot som sneik seg heilt nede ved stolperota. 1-0. Oss klarte ikkje trykke på slik oss hadde gjort før. Mykje pga eit kompakt motstander forsvar. Oss hadde god kontroll, men nokre minutt før slutt klarte dei å redusere. Når sluttsignalet gjekk var stillinga fortsatt 1-1. Dermed gjekk kampen til straffekonk. Den vart avgjort med ei å ei straffe.
Fredrik redda den første, Sindre bomma på vår. Dei skaut i stolpen ut på den neste, mens Arild banka ballen i mål og oss var vidare til finalen.

Finalen
Hynung vs Rams 1-1 (1-2 på straffe)
Rams hadde imponert veldig tidlegare i turneringa og bestod av 2.divisjonspelarar.
Det vart ein jamn og nervepirrande finale. Finspelet uteblei for begge lag. Rams tok leiinga med eit skot heilt oppe i vinkelen. Rams la seg bakpå å trilla ball. Oss pressa dei høgt og tilslutt kom målet oss jakta på. Frank utlikna for oss, og nok ein gong gjekk kampen til straffekonk.
Arild bomma på første, mens dei satt balln utafor.
Alf scora, samme gjorde dei.
Fredrik bomma og dei scora dermed vann Rams finalen.

Oppsummering:
Ei meget god gjennomført turnering av Hynung. Det var godt å vere i finalen igjen. Laget har meget god grunn til å vere fornøgd med seg sjølv.
Sjølv om ingen ta dei "store" futsallaga i Bergen deltok i turneringa, var det mange lag som hadde bitt godt frå seg på Bønes, så det var ikkje mykje å utsette på nivået.
Overgangane våra var til tider meget gode, og det defansive var av
den standaren som oss etterkvart er blitt bortskjemt med. Det er vanskleg å utpeike kven som var best for laget på cupen, for det var knallhard jobbing over heile linja og alle gjorde ein fantastisk innsats! Igjen så hadde oss med debutantar som gjorde ein strålandes jobb. Sindre og Thomas blir garantert å sjå i Hynung drakta igjen. Arild og Bjørnar fortsatte der dei slapp i Bønes for nokre veke sidan, og var meget gode! Det var og godt å sjå Frank tilbake på bana etter eit langt skadeavbrekk. Ei veldig god turnering av både han og Alf. Alf er ein bauta i forsvar dei fleste har problem med å komme forbi. Bakerst hadde Fredrik ei god turnering, men hadde lite å gjere grunnet eit bunnsolid forsvar.

Oss gler oss til neste turnering som er KRIK-cup søndag 18.oktober

© 2009 Hynung IL
Ansvarleg for sida: Fredrik Løken