Hovudsida

Spelarstall
Spelarstatistikk
Terminliste
Historie
Statistikk
Merittar
Bilete
Videoar

Linkar
Gjestebok

KRIK-CUP 18.10-09

Første turneringa på kunstgras i år. KRIK-cup. Hynung har dårlege tradisjonar i vestlandshallen, og det var ikkje betre etter denne helga. Oss klarte å stille et lag med 5 stk til første kamp. Heldigvis dukka Thomas Johnsen opp til andre kamp noko som gav oss 1 innbyttar. Men denne turneringa var ikkje heilt bra av Hynung. Satsar på å komme sterkt tilbake neste cup.

Første kamp:
Hynung IL - Automasjonen 1-1
Kamp mot laget som oss slo ut på straffekonk i semien på nattcup.
Oss var best og tok leiinga med Svenn-Even, men dessverre så kom Automasjonen tilbake og kampen enda 1-1.

Andre kamp:
Hynung IL - Åndseliten 0-2
Åndseliten møtte oss i fjor og. Eit hardt arbeidande lag som oss då tapte 1-0 for.
Dei spelte akkurat sammeleis i år. Kjempa hardt og låg ultra defansivt og kompakt. Likavel ein fortjent 2-0 seier til dei.

Tredje kamp:
Hynung IL - FHS Nordhordland 1 0-5
Eit lag bestande av folk som kun har fotball i skulekvardagen sin. Dei var suverene og rundspelte oss totalt. Fortjent 5-0 seier til dei.

Fjerde kamp:
Hynung IL - FK Kinsek 2-0
Eit meget godt futsallag som ikkje var til å kjenne igjen i helga. Oss var best i alt og klarte heldigvis å unngå ei tapsrekke på 3 kampar. Adrian sto fram og var veldig god denne kampen. Han putta 2.

Femte kamp:
Hynung IL - KRIK XO 1-1
Siste kampen og ingen verdens ting å spele for.
Ove sendte oss i føringa og oss spelte ball å kosa oss heilt til det var igjen 30 sekund. Då fekk dei tak i ballen og gjekk rett i angrep. 3 sekund før slutt ligg ballen i nota. Ufortjent, 1-1.

Laget:
Fredrik - Ove - Alf - Svenn-Even - Adrian og Thomas J.

 

 

© 2009 Hynung IL
Ansvarleg for sida: Fredrik Løken