Dette var den første turneringa Hynung IL avd. Bergen deltok
i. Tre av oss har spelt med Hynung tidlegare på Sunnmøre
(Frank S. Opstad, Alf Kåre Longva og Fredrik Løken) mens
tre er heilt ny. Robin Amundsen og Ole Petter Hammersland jobba begge
i lag med Alf, mens siste mann, John Martin Gill, gjeng i klassa til
Fredrik. Oss va litt små spent på forma til folk. Fredrik
hadde ikkje stått i mål på 9 månader. Frank
har også begrensa med trening. Alf har spelt med HaNo ein del,
men hadde ikkje trent på nokre veke. Ole Petter hadde ikkje
spelt organisert fotball på fleire år. Det samme gjaldt
Robin. John Martin har vore venstre ving på Tornado/måløy
(3.div) og har trent litt med Djerv. Men oss hadde omtrent ikkje spelt
i lag, så oss var veldig spent.
Laurdag 25.oktober:
Gruppespel:
3 puljar 4 lag. 2 beste lag i kvar pulje + 2 beste 3arlag.
Gruppe A:
Hynung IL - Hvite Stjerner 1-2
I denne kampen var oss berre 4 spelarar(3ute + 1 keeper).
Oss tok likevel leiinga 1-0 med John Martin Gill. Dette haldt lenge.
Men siste 5 minutta (av totalt 15) tok kreftne sluttn. Dei utlikna
til 1-1 før dei scora vinnarmålet 30 sekund før
slutt. 1-2 tap mot eit lag oss var bedre enn sjølv med 4 mann.
Hynung IL - de utgåtte 4-0
No hadde dei 2 siste komt og oss var fullt lag. Dette
var eit lag som var dårleg. Alt anna enn seier var for dårleg.
Og oss klarte det lett. Oss spelte god fotball. Mykje bevegelse og
bra gøtsing framover. Oss vann tilslutt 4-0 etter 1 mål
av Alf Kåre Longva, 1 mål av Robin Amundsen og 2mål
av John Martin Gill.
Hynung IL - varmegjennomgangskoeffisient indoor stars 0-3
Før den siste pulje kampen var utgangspunktet
enkelt. Seier og uavgjort haldt til sluttspel. Med tap kunne det gå,
men det var tvilsamt. Oss spelte vår dårlegaste kamp i
turneringa og tapte fortjent 3-0. Oss var rett og slett altfor dårleg.
No måtte oss vente til dei 2 andre gruppene var ferdigspelt.
4 timar seinare kom glad meldinga. Oss gjekk vidare som nest
beste 3ar. Det siste laget som kom med til kvartfinalen søndagen.
Søndag 26.oktober:
Kvartfinale:
Hynung IL - Vårt lag 5-1
Her møtte oss puljevinnaren frå gruppe
B. Dette var ein gjeng beståande av arrangørspelarar
som alle var 3.divisjonsspelarar. Oss var enige om at knallhard defansiv
jobbing ville gi mange kontringar. Oss var kompakt bakover og gav
motstanderen kun 3 sjansar i heile kampen. Framover spelte oss glimrande
og kom til mange sjansar og mål.
Første sjansen vår var på hjørnespark. Alf
Kåre tok den. Han skaut knallhardt rett på keeperen som
klarte å fomle ballen i mål,1-0. 2-0 kom like etterpå.
Dermed for lufta litt ut av Vårt Lag. Oss fortsatte berre kjøret
og tilslutt ha oss scora 5 mål før dei fekk eit trøstemål
heilt på tampen. Ein hærleg seier! No var det klart for
revansje i semifinalen mot Hvite stjerner
Robin scora 2, Frank 1, John Martin 1 og Alf Kåre 1
Semifinale:
Hynung IL - Hvite Stjerner 3-2
Hvite Stjerner hadde forsterka laget til søndagen.
Ein forsvarar frå Fana og ein stor scorar frå Gneist.
Sist nemte vann så og sei kvartfinalen aleine. Ole vart satt
som frimerke i byrjinga av kampen. Dette funka veldig bra. Heile laget
kjempa heroisk og ga dei knapt rom til å bevege seg i. Men dei
tok likavel leiiinga 1-0. Dei leda ei lita stund, men så fekk
oss hjørnespark. John Martin Gill dundra i vei eit skot rett
frå hjørne og via ein spelar og i mål. Oss hadde
utlikna. Ikkje lenge etter kom eit langt oppspel mot Ole Petter. Han
vann luftduellen mot deira siste forsvarar og kom åleine med
keeper. Ballen sette han elegant mellom beina på keeper, og
oss hadde snudd kampen! No vart Hvite Stjerner veldig stressa og pressa
oss langt tilbake. Tilslutt måtte stålforsvaret gi tapt
og dei utlikna til 2-2. Ikkje lenge etterpå sendte Hvite stjerner
alle mann i angrep, men ballen havna i hendne på Fredrik. Han
var kjapp å hive til John Martin som no var åleine med
keeper. 3-2! Dette vart slutt resultatet. Kanskje litt ufortjent,
men en enorm innsatsvilje ordna seieren! No var det klart for finale
mot puljevinnaren frå pulje C.
Finale
Hynung IL - Herøysund 1-1, 4-3 på straffer
Etter ei veldig tam opning av kampen fekk oss intiativet
i kampen. Oss var det klart beste laget i finalen. Berre ein dommar,
som ikkje hadde lært seg at holding og nedriving av spelarar
ikkje er verken frispark eller straffespark og motspelarar som nesten
reiv skjorta av oss, hindra oss i å få sjansar. Men tilslutt
ha oss putta ein ball i nettet. Lagets desiderte toppscorar, John
Martin Gill, putta til 1-0. Mot slutten klarte likevel Herøysund
å utlikne slik at resultaet vart 1-1.
Finalen gjekk rett til straffespark. 3 straffer på kvart lag
osso 1 og 1. Fredrik , John Martin og Ole Petter meldte seg kjapt
som frivillige.
1-0. Fredrik satt den første nede til venstre for keeper
1-1 dei scora på si første
2-1 John Martin banka den til venstre for keeper
2-2 dei scora
2-2 Ole Petter skaut opp og utafor mål
2-2 Dei skyt i stang ut
3-2 Alf Kåre banka ballen til høgre for keeper
3-3 dei scora
4-3 Frank sett straffa sikkert til høgre for keeper
4-3 Fredrik redda
Hynung IL avd Bergen har vunne den første turneringa
dei nokon gang er med i. Ein fantastisk prestasjon! Hynung IL(moderlaget)
har heller ikkje vunne nokon gang. Er dette starten på noko
stort?
Hynung laget:
Fredrik - Alf Kåre, Frank, Robin - Ole Petter og John Martin