Hynung IL klarte så vitdt å stille lag
til Studentcupen. Hektisk ringerunde kvelden før sikra oss
to spelarar slik at oss kunne stille med 6 mann. Sporty av Alex og
Robert å stille opp på så kort varsel.
Første kamp:
SK Bærum anno 04 - Hynung IL 2-2
Starta som vanleg nervøst. Begge lag veldig
ufarleg. Ufarleg var situasjonen som sendte Bærumguttane i føringa
også. Keeper Fredrik kløna og mista ballen i føtne
på spissen til bærum, og 1-0. Oss kom sterkt tilbake og
reduserte først ved Frank, før Ole putta 2-1. Alex og
Alf ha målgivande. Heilt på tampen utlikna SK Bærum
og stillinga vart 2-2.
Andre kamp:
Traider college - Hynung IL 0-2
Den andre kampen var oss overlegen. Burde klart ha
scora fleire mål, men oss vann 2-0 å det var det vitkigaste.Frank
og Alex putta. Første seieren på lenge. No måtte
oss kun unngå eit 6måls tap i siste kamp for å gå
vidare. BI Bergen 3 hadde nemleg grusa dei to andre laga.
Tredje kamp:
BI Bergen 3 - Hynung IL 1-2
Oss skjerpa oss enormt til siste kampen. Alle ga jernet
og denne kampen var oss veldig godt organisert og gav BI få
sjansar. Men det starta vanskleg. BI scora det første, men
Frank ordna balanse i rekneskapet. Begge lag hadde sjansar til å
avgjere, men nokre minutt før slutt vart Alex felt i straffefeltet
og dermed straffe. Fredrik tok den og banka ballen sikkert i mål,
2-1. Det vart sluttresultatet og oss var klar for kvartfinalen!
Kvartfinale:
SK Mann - Hynung IL 3-1
Inga turnering utan ein elendig Hynung kamp. Dessverre
kom den i kvarten. Oss hadde spelt på oss mykje sjølvtillit,
og slik oss spelte såg det ut som det var få som kunne
matche oss. SK Mann var eit middels dårleg lag med kun 5 spelarar.
Men oss spelte elendig. Ingen struktur bakover, som er kjenneteiknet
våra, og lite fantasi framover. Det måtte berre ende med
tap. Ole scora våra trøstemål.
Hynung laget
Fredrik - Alf Kåre, Frank, Ole Petter, Alex og Robert.